10a på Flesjane
Eit kompetansemål i kroppsøving er at elevane skal overnatte i naturen. For elevane i 10a gjekk turen til Flesjane, der kunne dei velge mellom å sove i hengekøye eller telt.
Publisert: 01.05.2022 19:19 Sist endra: 01.05.2022 19:35 Forfattar: Hege Jonathanson
Me starta turen på Ådland kl.1700, det var strålande sol og gjengen var i godt humør. Me gjekk i samla flokk ut til Flesjane. Der ordna dei med telt og hengekøyer før dei gjekk saman i små grupper for å lage middag. På kvelden gjekk me tur til Kvernesvatnet og dagsturhytta, for fleire var det første gongen dei var inne i hytta. Etterpå gjekk dei som ville vidare til Hellenaustet. Då me skulle tilbake var det begynt å bli mørkt og me måtte gå tilbake med hovudlykt, det var både kjekt og litt skummelt. På kvelden samla me oss rundt bålet for å grilla marshmellows og spise goderi før alle kraup ned i soveposane sine. Natta var kald, ned mot frysepunktet på det kaldaste. Ein fin tur med ein kjekk gjeng!