Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
10b på Flesjane

Nokre dagar etter 10a sin telttur var det 10b sin tur. Ein time før me skulle møtast på Ådland var det grå himmel og lette regnbyger. Lærar var lettare stressa men valde å stole på værmeldingane (og værgudane). 
Heldigvis forsvann skyene og sola kikka fram når det var oppmøte. Både lærar og elevar var letta for det og la i veg mot Flesjane. Denne gjengen var utstyrt med fleire fiskestenger og fekk dermed prøve fiskelukka etter at telt og hengekøyer var på plass. Då  fisken ikkje beit var det tre tøffingar som heller ville bade. Tidleg kveld gjekk dei saman i grupper og laga middag. Det var taco og pinnebrød på menyen, mange var overraska over kor enkelt og godt ein middag ute i naturen kunne vera. På kvelden gjekk me tur til Kvernesvatnet og dagsturhytta. Dei som ville gjekk til Hellenaustet før me returnerte med hovudlykt i mørket. Det vart ein fin avslutning på dagen der alle samla seg rundt bålet, snakka saman og slappa av. Lørdag morgon laga me egg, bacon og god smørefrokost før me pakka saman og gjekk heimover igjen. Nok ein fin tur med ein kjekk gjeng! 
Main Image
Bilete 1 av 28