Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juli 2025><<
juli 2025
mtotfls
30010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293031010203
04050607080910
Det er 2 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Ekskursjon til Bergen

Torsdag 2. juni var det endeleg tid for ein ekskursjon for 10. trinn og vi sette kurs mot Bergen.
 Fyrste stopp var Gestapomuseet i Veiten. Her fekk vi fyrst innføring i noko av det som føregjekk i huset gjennom historia til Terje som sjølv var 15 år, omtrent som tiandeklassingane sjølve, då han vart forhørt av Gestapo i Veiten. Deretter var det eit oppdrag som skulle løystast; Er det mogleg å sjå på nokon om dei er «terroristar»/ «motstandsfolk», gestapistar og krigsforbrytarar utifrå arrestasjonsfoto eller må det fleire ledetrådar til? Det var sjølvsagt også tid til å sjå seg om i sjølve museet, m.a. ventecellene fangane sat i her medan dei venta på å verte avhøyrte og det som verre var. Interessant og lærerikt var stikkord som gjekk igjen hjå mange då elevane evaluerte besøket i etterkant. Etter Gestapomuseet vandra vi til VilVite, der vi vi faktisk fekk ete nistepakkane våre i opphaldsvêr utanfor før det var tid for å sjå seg om inne i Vitensenteret. Mange hadde vore der fleire gongar før og følte dei hadde prøvd/ sett det meste frå før, medan andre koste seg meir. Ein veldig kjekk gjeng å ha med på tur var det uansett! No er det berre siste innspurt så er Samnanger ungdomsskule historie for denne flotte flokken også!
Main Image
Bilete 1 av 20