Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2025><<
mai 2025
mtotfls
28293001020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Tur til Burlifjellet

Elevane som har fysisk aktivitet og helse i valfag fekk seg ein tur i både haust- og vintervær denne veka.
Dei vart køyrd av føresette til Va, heilt på kommunegrensa til Bjørnafjorden. Derfrå gjekk dei den 5 kilometer lange turen opp på Burlifjellet. Det har regna mykje den siste veka, derfor var det vått og myrete fleire stader. Når me kom opp over 400 høgdemeter skimta me snøen. På 600 høgdemeter var det nokre centimeter med snø og på toppen 850 moh rakk snøen oss til anklane. Det var litt sur vind og ingen utsikt, men heldigvis hadde me ein tøff gjeng med på tur. Med gode kle, sko og matpakke heldt dei humøret oppe. Returen gjekk via Smådalen til Tysse. Ein lang, litt våt, litt kald men fin tur! 
Main Image
Bilete 1 av 12