To nye rom
Skulen har handla inn og gjort i stand to nye rom som elevane kan nytta i friminutta.
Publisert: 17.01.2024 10:08 Sist endra: aldri Forfattar: Hege Jonathanson
Rom 2 er blitt "stove". Her har me kjøpt inn to nye sofaer, tre stolar, tepper og puter. Her er det varmt og godt og elevane kan nytta rommet i friminutta. I kantina har me laga til eit lite gamingrom med sofa, fleire puffar, prosjektor og Playstation 5. Her er det svært god stemning i friminutta. Romma er blitt veldig populære og saman med gymsal er det ei rullering på kva trinn som kan nytta dei ulike romma kvar dag. 8. trinn har gymsal mest, medan 10.trinn har mest tid i stova.