Hardanger Akvasenter
9. trinn fekk besøke visningssenteret Hardanger Akvasenter, i Øystese i Kvam.
Publisert: 26.05.2025 17:21 Sist endra: aldri Forfattar: Hege Jonathanson
Senteret vart etablert i 2007 og var det første i Noreg av sitt slag. Det er eigd og drive av den lokale familiebedrifta Lingalaks, som har lang erfaring med berekraftig lakseoppdrett i Hardangerfjorden.
I det moderne utstillingssenteret «Det er her me bur», som ligg i same bygning som Hardangerbadet, fekk elevane lære om laksens livssyklus, moderne oppdrettsmetodar og korleis fjorden har vore ein viktig ressurs for regionen. I tillegg fekk elevane ein guida tur til eit flytande lakseoppdrettsanlegg i Fyksesund. For å komma dit fekk dei køyre i full fart med Ribb-båt, noko som var veldig kjekt. Her fekk dei sjå laksen på nært hald, mate fisken og lære om oppdrettsprosessen.