Lepramuseet og Gestapomuseet
Tysdag 3. juni var det tid for ekskursjon med 9. trinn til Bergen for å besøke Lepramuseet og Gestapomuseet.
Publisert: 16.06.2025 00:15 Sist endra: aldri Forfattar: Maria Strand Helle
Begge stader fekk vi fyrst noko bakgrunnsinformasjon om kva som hadde føregått på det som i dag er museum, og deretter omvising/utforsking i høvesvis dei gamle hospitallokala og kyrkja knytt til St. Jørgen hospital (Lepramuseet) og i lokala i Veiten 3 der Gestapo heldt til, og både hadde forhøyrsrom og celler under 2. verdskrig. Mange av elevane gav uttrykk for at særleg utforskingsbiten var både lærerik og spennande. Ein fin dag med ein kjekk gjeng ungdommar der vi både fekk høyre om, sjå og utforske hendingar og stader vi ikkje, eller i liten grad visste om frå før, ikkje så langt frå der vi bur sjølve!