Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<oktober 2025><<
oktober 2025
mtotfls
29300102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930310102
03040506070809
Det er 2 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Debatt på 10.trinn

I desse tider diskuterast det politikk overalt, også på 10. trinn.
I samfunnsfag har vi brukt nettsida til Barnas Val (Redd Barna) i arbeidet. Elevane har teke valgomat for å finne kva parti dei er mest (og minst) samde med for å få ein peikepinn på kva dei kanskje ville stemme ved Skulevalet 2025 som vart gjennomført på Samnanger ungdomsskule 3. september. Elevane fekk så trekke "sitt" parti mellom dei 9 store partia, uavhengig av kven dei eigentleg er mest samde i. Deretter har dei sett seg inn i kva dette partiet meiner om ulike saker, mellom anna kvar dei befinn seg på høgre-venstre-aksen, kven dei samarbeidar best med og kven dei ynskjer som statsminister. For å vise kva dei har lært, har dei fått velge mellom to måtar å vise det på; anten ved å lage eit innlegg tenkt brukt på sosiale medier med målgruppe 10. trinnselevar som skal stemme ved Skulevalet, eller ved å vere deltakarar i ein paneldebatt der dei skulle legge fram "sitt" parti sine kjernesaker og deretter diskutere ulike tema med dei andre partia som var representerte slik bileta her viser. Læraren gler seg over engasjement, kreativitet og kjekke elevar! Godt val!
Main Image
Bilete 1 av 2