Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<februar 2026><<
februar 2026
mtotfls
26272829303101
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272801
02030405060708
feb
06
2026
9.trinn ekskursjon, omvisning på matsentralen i Bergen
kl 8:30-14:00
Det er 2 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Elevundersøkinga

I veke 45 gjennomfører ungdomsskulen den årlege elevundersøkinga frå Utdanningsdirektoratet. 
Undersøkinga gir elevane høve til å seie si meining om korleis dei opplever skulekvardagen – både fagleg og sosialt. Tema som blir tekne opp er blant anna trivsel, mobbing, motivasjon, støtte frå lærarane og opplevinga av medverknad.
Elevundersøkinga er anonym, og resultata blir brukte i arbeidet med å utvikle eit trygt og godt læringsmiljø. Svara gir viktig innsikt som både skulen og kommunen nyttar i kvalitetsutvikling og planlegging.
Vedlagt finn de informasjon frå Utdanningsdirektoratet om undersøkinga, inkludert oversikt over tema og korleis data blir behandla. Me oppmodar føresette til å snakke med barna om undersøkinga og oppmuntre dei til å svare ærleg.
Ta gjerne kontakt med skulen dersom de har spørsmål.