Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<februar 2026><<
februar 2026
mtotfls
26272829303101
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272801
02030405060708
feb
16
2026
Arbeidsveke 9. trinn
Fleire dagar. Sluttar 20.02.2026
feb
16
2026
MOT 10. trinn
kl 12:00-14:00
feb
17
2026
Prøvemunnleg eksamen 10. trinn
Fleire dagar. Sluttar 19.02.2026
Det er 2 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
10. trinn på klassetur til Oslo – eit minne for livet

8.–9. januar fekk 10. trinn ein unik oppleving i hovudstaden. Me hadde søkt om å få besøke Stortinget, og gleda var stor då me fekk innvilga søknaden. Stortinget dekka både reise og opphald, noko som gjorde turen ekstra spesiell. Løysingsorienterte føresette hadde midlar til å dekke maten under turen.

Torsdag morgon gjekk turen med fly til Oslo, og rett etter landing bar det til Stortinget. Elevane måtte gjennom sikkerheitskontroll før dei møtte guiden som tok oss med på ei spennande omvising. Me var heldige og fekk sitje på galleriet i stortingssalen og sjå partileiarane i arbeid. Det var ei oppleving som gjorde inntrykk! Me gjekk også gjennom den berømte tunnelen under bakken frå nabobygget og inn i Stortinget.
Etter besøket sjekka me inn på Thon Hotel, som ligg like ved Stortinget. Her fekk elevane slappe av mellom øktene. Torsdag ettermiddag vart det tid til å utforske Karl Johan, og fleire nytta høvet til litt shopping.
Fredag starta med frukost før turen gjekk til 22. juli-senteret. Her deltok elevane i undervisningsopplegget Samtalen om 22. juli, der dei reflekterte rundt tema som ekstremisme, demokrati og politikk. Dei fekk sjå gjenstandar frå den grufulle dagen, lese beretningar frå overlevande og lære om korleis samfunnet jobbar for å hindre liknande hendingar. Etterpå tok me ein runde i regjeringskvartalet og gjekk vidare opp til Slottet.
Heimreisa gjekk med tog over fjellet – ein lang, men fin tur. Elevane fekk med seg mykje kunnskap, gode opplevingar og ikkje minst samhald. Dette vart ein tur dei kjem til å hugse lenge!
Main Image
Bilete 1 av 23