Nyttårsball med glans og god stemning
Fredag 16. januar var det endeleg duka for årets nyttårsball på skulen – ein kveld full av fest, glede og gode minner. Elevrådet tok ansvar for både planlegging og gjennomføring, og dei leverte eit svært godt arrangert og stemningsfullt arrangement.
Publisert: 30.01.2026 09:11 Sist endra: aldri Forfattar: Hege Jonathanson
Føresette stilte sporty opp som vakter, noko me set stor pris på. Det skapte trygge rammer og gjorde at elevane kunne senke skuldrene og berre nyte kvelden.
Til mat vart det servert pizza, og rundt borda var det mykje latter og prat. Elevane møtte opp i flotte kjolar og dressar, og heile gymsalen var fylt av elegante antrekk og god stemning.
Det vart masse dansing, god musikk og eit herleg engasjement på dansegolvet. Me hadde også leigd inn fotograf, som fanga mange av dei fine augneblinka gjennom kvelden – smil, vennskap og ekte festglede. Bileta gir eit flott innblikk i ein kveld som mange vil hugse lenge.
Nyttårsballet blei ein varm og fin start på det nye året – med gode venner, gode opplevingar og minner for livet