Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2026><<
mars 2026
mtotfls
23242526272801
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30310102030405
Det er 2 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Skidag 2026

Onsdag 4. mars gjennomførte me årets skidag ved Samnanger ungdomsskule. Elevane fekk velje mellom ski og snowboard i Eikedalen, eller langrennstur og anna vinteraktivitet i Mødalen. Det vart ein god og aktiv dag for dei aller fleste.

I Eikedalen var det mange som stod på ski for aller første gong. Lærarar var ute i bakken og gav instruksjonar, støtte og gode tips slik at alle kom i gang. Nokre elevar utfordra seg sjølve i parken, og prøvde både hopp og rails. Stemninga var svært god gjennom heile dagen.
I Mødalen gjekk dei som ville ein flott tur på langrennski. Der var det òg primus med grilling av pølser og marshmallows, leik i snøen og mykje godt humør. Vêret vart overraskande bra – med god temperatur og fine forhold.
Alt i alt vart dette ein vellukka skuledag ute i vinterlandskapet, med mange gode opplevingar for store og små.
Main Image
Bilete 1 av 21