Arbeidslivsfag i full sving ute
Arbeidslivsfag har for tida eit spennande prosjekt der me plantar og sår i plantekassar.
Publisert: 20.04.2026 10:09 Sist endra: aldri Forfattar: Hege Jonathanson
Det blir spennande å sjå kva som kjem opp i kassane etter kvart. Elevane har klipt ned buskar som skal brukast i kassane, rydda rundt skulen og gjort uteområdet fint og triveleg. I tillegg har dei kløyvd ved, kosta og rydda. Ein aktiv og arbeidsam gjeng som gjer ein flott innsats for skulemiljøet vårt.