Meny
Framside
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Tyssereinane 16 5650 Tysse Vis på kart
Telefon: 56589960 Send e-post til oss
Redaktør: Hege T. Jonathanson
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2026><<
mai 2026
mtotfls
27282930010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Det er 2 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Opptur 2026

8.trinn deltok på Opptur i Bergen 6. mai, eit flott arrangement arrangert av Den Norske Turistforening (DNT). Opptur er ein årleg turdag for ungdomsskuleelevar, der målet er å gi gode naturopplevingar, fremje fysisk aktivitet og styrkje fellesskapet.

Turen vår gjekk via Fjellveien, opp Skredderdalen til Sandviksfjellet, vidare til Rundemanen der elevane fekk ein god pause med lunsj. Etterpå gjekk turen ned til Fløyen.
Me hadde ein super dag på tur saman. Elevane viste stor innsatsvilje og var verkeleg spreke heile vegen. Vêret gav oss litt av alt – me fekk oppleve fire årstider på éin og same dag, med alt frå snø til varm sol som varma godt.
Turen vart avslutta med litt tid på Bystasjonen, der fleire valde å gå på Burger King – ein populær og velfortent avslutning på ein aktiv dag.
Dette var rett og slett ein kjekk tur med gode opplevingar, mykje meistring og flott samhald i gruppa.
Main Image
Bilete 1 av 10