Elevane i Innsats for andre har vore ute i praksis det siste halvåret. Nokre har hatt praksis i barnehage, andre på barneskulen eller i lokale bedrifter. Gjennom desse erfaringane får elevane lære kva det vil seie å gjere ein innsats for andre, tilpasse seg nye miljø og meistre ulike oppgåver. Samstundes får dei kjenne på ansvar, både for oppgåver og for menneska rundt seg.