Aktivitetsdag i Hagabotnane
Fredag 12. juni hadde 8.–10. trinn aktivitetsdag i Hagabotnane. Vêret var overskya, men me slapp unna både regn og dårleg vêr, noko som gav gode rammer for dagen.
Publisert: 18.06.2026 09:22 Sist endra: aldri Forfattar: Hege Jonathanson
Det var lagt opp til fotballturnering mellom klassane, der kvar klasse spelte mot alle dei andre. Det var stor aktivitet gjennom heile dagen, og elevane viste både godt fair play og lagånd.
Til slutt stod 10A og 10B igjen som dei laga med best resultat. 10A var hakket betre og fekk æra av å møte eit lærarlag/elevrådslag i finalekamp. Her gjekk 10A seirande ut etter ein spennande duell.
Bjørg hadde ordna med felles lunsj til alle. Ho fyrte opp grillen og serverte hamburger og pølser, slik at alle fekk ete seg gode og mette.
For elevar som ikkje ønskte å spele kamp, var det tilbod om å gå tur. Nokre nytta seg av dette og fekk ein fin rundtur forbi Åsen, ned stien til Tvegestødnå og tilbake til Hagabotnane. Andre elevar valde å spele kubb, vere sosiale, slappe av og heie på klassekameratane sine.
Alt i alt vart det ein kjekk og vellukka dag for både elevar og tilsette.