Meny
Velg seksjon Framside
Hovedadresse Verdalsvegen 31 4352 KLEPPE Telefon: 51788450 Send e-post til oss
SFO Verdalsvegen 31 4352 Kleppe Telefon: 51788470 Send e-post til oss
Redaktør: Reidar Harberg
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2018><<
juni 2018
mtotfls
28293031010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293001
02030405060708
jun
22
2018
Elevane slutter 11.45
kl 11:45-14:00
Gå til Its Learning
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Visjon: Meir læring for alle
I det me går mot ferie, begynner det å visa eit omriss av det nye bygget.  Det har vore mykje graving og sprenging, men no reiser det seg etter kvart eit bygg på tomta.  Det vil nok vera stor endring når elevane kjem att etter ferien.

Då har me igjen hatt vår årlege temaveke og aksjon.  Det blei ei fin veke, sjølv om torsdagsturen i Kleppeloen ikkje blei like fin som onsdagen.  Dei har lært om Peru og barn i Peru.  Torsdag var det open skule, og då var skulen fylt av elevar og andre besøkande.  Resultatet av denne aksjonsdagen blei flott.  I tillegg til at elevane hadde det gildt, så samla me inn 53.000,- til Peru. 

Takk både til elevar, tilsette og foreldre!


Då er skuleåret snart slutt - og dermed er også aksjonen vår "Gå til skulen" slutt.  Det har vore ein svært vellukka aksjon.  Svært mange elevar har gått til skulen, sjølv om ikkje alle klassane nådde opp til 100%.

No har me trekt hovedpremien for våren - ein tur til trampoline-parken.  Det blir litt seint å få dette til før ferien, så klassen som vinn må ordna dette til hausten.  Og vinnaren blei 4b.  Me gratulerer denne klassen ... og så får me sjå om det trengs ny aksjon seinare.


Det er mange avslutningar og arrangement når skulen nærmer seg slutten.

1.trinn hadde sitt arrangement med foreldre 31.mai.  Nokre elevar fekk vera med på generalprøven og sjå det dei presenterte.

Desse elevane på 1.trinn får stå som representantar for alt det flotte som blir vist no i avslutninga av året.