Klepp kommune har vedteke ei felles forskrift om skulereglar. Denne forskrifta seier og at Klepp skal ha samarbeidsutval og skulemiljøutval.
Samarbeidsutval (SU)
Samarbeidsutvalet skal bestå av to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane frå kommunen skal vere rektor. Den andre er ein politisk utnemnt representant.
Utvalet vel sjølv leiar, nestleiar og sekretær.
Samarbeidsutvalet er eit rådgjevande organ og har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.
Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker omfatta av teieplikta blir behandla.