Kolumbus ber oss informera elevar som har skulekort frå tidlegare år. Dei må oppdatera skulekorta sine ved starten av skuleåret. Når elevane først har gjort det, treng dei ikkje å lesa av kortet kvar dag. Men det er viktig at dei har skulekorta med seg dagleg til skulen, i tilfelle billettkontroll !
Framgangsmåten er slik:
Hald skulekortet mot kortlesaren heilt til det viser kor mane turar det er igjen på kortet. Når det f.eks. viser at det er 380 turar igjen på kortet, er det bevis på at kortet er oppdatert. (Det nye skuleåret må bli overført til kortet. Det svever i "skya" og må bli overført til kortet. Det tek berre nokre sekund ekstra.)