Meny
Velg seksjon Helsesyster
Verdalsvegen 35 4352 KLEPPE
Telefon: 51788400 Faks: 51788401 Send oss e-post
Redaktør: Roar Johannessen
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Skulehelse programmet
HPV vaksine gutter

Beskjed fra helsestasjonen:

I uke 10 er det nasjonal lusekampanje, det vil si at alle barnehagebarn og barneskolebarn sjekkes for lus 10. eller 11. mars. Fint om alle skoler og barnehager videreformidler dette til foreldrene så alle sjekkes samtidig.   Dette har vist seg være et veldig effetivt tiltak for å hindre spredning.   Jeg forstod det slik at folkehelseinstituttet skal sende informasjon til alle skole- og barnehagekontor, men flere helsesøstre sier de ikke har sett informasjonen på skolen ennå.  

https://www.fhi.no/nyheter/2018/husk-lusesjekk-pa-barnehage--og-skolebarn/


Helsesøster Marit Thu er på skulen tirsdag og onsdag frå 08.00 til 14.00. Ho kan treffast på telefon 51788434.  

 

Helsesøster arbeider helsefremjande og førebyggjande  

Skulehelsetenesta har hovudfokus på helsefremjing og førebyggjande arbeid. Me arbeider etter nasjonale retningslinjer. På skulen gir me vaksinar og har samtalar både i grupper og med enkeltelevar. Nokre gonger kan ein elev trenge ein samtale, andre gonger treng eleven oppfølging over lengre tid.  

Helsesøster deltek i tverrfagleg møte/ressursgruppemøte på skulen.

Helsesøster samarbeider med familieeininga, skulelege, fysioterapeut, ppt, barnevern, fastlege og spesialisthelsetenesta. Familieeininga er ein del av helsestasjonen.  

Familieeininga er tverrfagleg med mellom anna psykolog, familierådgivere, MarteMeo-terapeut, PMTO-terapeut, tilbod om COS, DUÅ mm. Foreldrerådgivning føregår  individuelt og i grupper. Barna kan og få samtalar her.  

Ta kontakt med helsesøster viss du lurer på noko.  

 

Barnet i familien  

Korleis ein har det i familien, vil verka inn på barna. Familiar kan oppleva vanskelege livssituasjoner som samlivsbrot, fysisk eller psyksisk sjukdom, vold i familien, rus eller dødsfall.  

Me vil oppmoda foreldra til å informera  skulen og/eller helsesøster om slike utfordringar slik at barnet kan verta møtt på best muleg måte.    

Kva kan de snakka med helsesøster om  

Barnet kan sjølv ta kontakt med helsesøster på skulen dersom det ønskjer nokon å snakka med. Tema som kan vera aktuelle å drøfta kan vera venner,  å vera  redd,  korleis ein har det på skulen eller heime, sjukdom, matvanar, pubertet og seksualitet og mykje meir.  

Foreldra kan og ta kontakt om de opplever utfordringar/spørsmål omkring barnet anten det er i forhold til skulen eller heime.    

 

Vaksinar

7. trinn (jenter) : Humant Papillomavirus, HPV (vaksine mot livmorhalskreft), 2 doser.

Frå hausten 2018 vil også gutar få tilbud om HPV vaksinen.

10.trinn: Vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio (dtp-IPV-vaksine)

 

Grupper

PIS: Samtalegrupper for barn som har opplevd samlivsbrot

Jentesnakk

Undervisning om pubertet og seksualitet på 10. trinn.  

 

Målingar

8. trinn:  Måle høgde og vekt, pluss individuelle samtalar    

 

Nyttige linkar

Informasjon om lus

https://fhi.no/ml/skadedyr/lus/  

Informasjon om PIS

http://www.vfb.no/no/vi_tilbyr/skilsmisse_i_familien/skilsmissegrupper/  

Informasjon om nasjonale rettningslinjer i skulehelsetenesta

https://helsedirektoratet.no/helsestasjon-og-skolehelsetjeneste  

Informasjon om vaksiner

https://www.fhi.no/nettpub/vaksinasjon-i-barne--og-ungdomsalderen---informasjon-til-foreldre/