Publisert: 03. september 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: Bore U

Nasjonal tilråding: Mobilfrie klasserom

Ny nasjonal tilråding: Mobilfrie klasserom på alle nivå - regjeringa.no

Smarttelefonfribarndom

Regjeringa har nyleg komma med ei nasjonal tilråding om mobilfrie klasserom på alle nivå. Som eit ledd i å skapa eit endå betra læringsmiljø og eit tryggare og meir inkluderande skulemiljø, har Bore ungdomsskula bestemt seg for å følgja denne tilrådinga.
Målet vårt er å fremje auka konsentrasjon i timana og betra sosialt samspel i friminutta. Forsking og erfaring frå andre skular viser at færre distraksjonar frå mobiltelefonar kan bidra til både auka læring og betra trivsel.

Kva tyder dette i praksis?

Me på Bore U forventek at alle elevar anten leverer inn mobilen sin ved skulestart eller lèt han liggja att heime. Dette gjeld for heile skuledagen. Me vil gjere unntak ved spesielle situasjonar eller om det ligg helsemessige grunnar bak, etter avtale med skulen.
Me ber dykk, som føresetja, om å ta ein prat med borna dykkar om dette. Eit godt samarbeid mellom heim og skula er avgjerande for at dette skal bli ein vellukka overgang.
Skulekontoret er sjølvsagt ope dersom dei treng å komma i kontakt med barnet dykkar i løpet av dagen.
Me ser fram til å skapa det beste moglege miljøet for læring og vekst for elevane våre.

Med venleg helsing,

Bore ungdomsskule