Publisert: 29. mai 2026 | Sist endra: 01. juni 2026 | Forfatter: Casey Arneson
Informasjon om standpunkt, klagerett
Klage på vurdering er regulert i kapittel 10 i forskrift til opplæringslova.
Elevar og føresette kan klaga på standpunktkarakterane på avgangsfag.
På 8.trinn gjeld dette valfag, på 9.trinn valfag og mat & helse og på 10. trinn gjeld det alle faga siste skuleår. Musikk avsluttast til jul i 10.trinn.
I 10. trinn har ein og klagerett på eksamen.
Klagerett på standpunktkarakter:
- Elevar og/eller foreldre kan klaga.
- Klagefristen tek til frå den tida ein kunne ha gjort seg kjend med karakteren, og er 10 dagar.
- Klageinstans (Statsforvaltaren i Rogaland) vurderer om gjeldande føresegner om karakterfastsetjing er følgde.
- Ved medhald i klagen gjennomfører rektor og faglæraren ei ny vurdering. Rektor set endeleg karakter. Avgjerda kan ikkje klagast på. (Gjeld ikkje orden/åtferd, der avgjer Statsforvaltaren).
Om du ønskjer å klage:
- Rådfør deg med faglærar og få grunngiving for karakteren så sant det er mogleg, før du klagar på standpunkt.
- Klagen må vere skriftleg, og den må ha med privatadressa di. Klagen må vere signert.
- I klagen må det koma fram kva ein klagar på, og klagen bør innehalda informasjon og grunngjeving for klagen.
- Klagen skal leverast til rektor (skulen).
- Om du klagar, skal du vere merksam på at klagebehandlinga kan føre til at karakteren blir ståande, at karakteren blir sett opp, eller at karakteren blir sett ned.
Her er to aktuelle lenker frå udir.no:
Korleis kan eleven og foreldra klage?
Standpunktvurdering
Eksamen
I 10. trinn har ein og klagerett på eksamen. Les meir om det her: udir/eksamen
Karakter på eksamen blir ikkje offentleg før ein av dei siste dagane før slutt. Ta kontakt med avdleingsleiar 10. trinn eller rektor om du ønskjer å klage på eksamenskarakter.