Publisert: 12. august 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Håvard Mikalsen
Flyt Foresatt (tidlegare MinSkole-app)
Flyt Foresatt er den nye appen frå Visma og erstattar MinSkole-appen. Den gamle appen vil ikkje få fleire oppdateringar, og nye funksjonar vil berre vera tilgjengeleg i Flyt Foresatt. Vi anbefaler at alle føresette lastar ned den nye appen så snart som mogleg.
Last ned appen
Du kan lasta ned appen på telefonen din.
Søk etter Flyt Foresatt i:
- AppStore (iPhone)
- Google Play (Android)
Appen er gratis.
Hugs: Det finst fleire appar som liknar. Vel appen som heiter Flyt Foresatt og er utvikla av Visma.
Du finn meir informasjon om Flyt Foresatt her:Kommunikasjon mellom foreldre og skule - Flyt Foresatt app