Meny
Velg avdelinger Framside
Stasjonsvegen 26B 4350 Kleppe
Telefon: 51 42 97 00 Send e-post til oss
Redaktør: Sigurd Ravndal
Visma FLYT skule
Pålogging Visma FLYT
Min Timeplan
Min Timeplan
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga
Natteravn skuleåret 2023-2024

I Klepp kommune er natteravnene foreldrestyrt, og er lagt til føresette til ungdomsskuleelevar.

I samarbeid med KTT (Klepp Tverrfaglege Team) er det FAU ved Klepp og Bore ungdomsskule som har ansvar for natteravn i Klepp sentrum.

 

Viktige rutinar og retningslinjer for natteravning i Klepp sentrum finn de her:
Rutinar for natteravn - Etiske retningslinjer


Informasjon på facebooksida - meld deg gjerne inn der; 
Natteravn Klepp sentrum

Natteravnsarbeid er eit viktig førebyggjande ungdomsarbeid i kommunane. Det handlar om å vera til stade for barn og unge når dei går ute på kveld- og nattestid, ta ansvar og visa medmenneskeleg omsorg. Når vaksne er til stade der ungdommar ferdast er det førebyggjande og dempande på uønska hendingar.

Dei fleste natteravngrupper samarbeider godt med det lokale politiet, men som natteravner er me ikkje «reservepoliti». Natteravner er vanlege vaksne utan særskilte fullmaktar. Me observerer og hjelper, lyttar og gir rettleiing når barn og unge tek initiativ til det. Alvorlege hendingar skal visast vidare til foreldre, politi eller andre.

Natteravnene vandrar alltid i grupper, aldri aleine. Etterkvar vandring skal det skrivast ein rapport som nyttast som tilbakemelding i det kriminalitetsførebyggjande arbeidet i kommunen. Tilbakemeldingane når både politi, fritidsklubb, ungdomskontakt i kommunen og personell frå skulane, og gjev nyttig informasjon som kan gje føringar for korleis me skal organisera vårt ungdomsarbeid.

Natteravning er tufta på ein stor frivillig innsats frå vaksne som er villige til å gje litt av si tid for å gjera ein sosial innsats i sitt lokalmiljø. Som natteravn får du sjansen til å bli kjent med andre foreldre. Du får eit innblikk i din ungdom si verd utanfor heimen sine trygge veggar og kunnskap om kva ungdommen er oppteken av. 

I Klepp kommune er natteravnene foreldrestyrt, og er lagt til føresette til ungdomsskuleelevar. I samarbeid med KTT er det FAU ved Klepp og Bore ungdomsskule som har ansvar for natteravn i Klepp sentrum.

Tryggleik i lokalmiljøet kjem alle til gode. Som vaksne tek me oss tid til å snakka med unge menneske og me hjelper når det trengs. Det handlar også om at me saman kan vera med på å skapa tryggleik, trivsel og høyre til i vårt lokalsamfunn.

God vandring😊

Helsing rektor på vegne av KTT og FAU