Meny
Velg avdelinger Framside
Stasjonsvegen 26B 4352 Kleppe
Telefon: 51 42 97 00 Send e-post til oss
Redaktør: Kjetil Myklebust
Pålogging Visma FLYT skule
Pålogging Visma FLYT
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2018><<
april 2018
mtotfls
26272829303101
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30010203040506
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga
Foreldreundersøkinga
Foreldreundersøkinga
Ordensreglement

På skulen er vi mange som skal arbeida og trivast i lag kvar dag.

For å få samarbeidet til å bli best mogleg, treng vi reglar for korleis vi skal oppføra oss i forhold til kvarandre, og korleis vi skal ta vare på skulemateriell og skulebygningane.  

Hausten 2015 vart det sett igang eit arbeid med å oppdatere ordensreglementet for Klepp ungdomsskule. Dette vart handsama i alle råd og utval og vart i januar 2016 vedteke av samarbeidsutvalet ved skulen. Dette er difor gjeldande forskrift for skulen.

For elevane vert karakter (halvårsvurdering og standpunkt 10. trinn) i orden og åtferd sett med grunnlag i denne forskrifta. Sjå dokumentet i høgre marg.

Her er sitat frå Forskrift til opplæringslova om dette:

§ 3-5.Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd

Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet til skolen.Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna om eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendig læremiddel og utstyr.

Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette i og utanfor opplæringa. Det inneber mellom anna om eleven viser omsyn og respekt for andre.Vurderinga av orden og åtferd skal haldast åtskild frå vurderinga av eleven sin kompetanse i fag.

I vurderinga i orden og i åtferd skal det takast omsyn til føresetnadene eleven har. Til vanleg skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov. Fråvær kan føre til nedsett karakter i anten orden eller i åtferd.