Klepp ungdomsskule er ein RESPEKT-skule. Arbeidet med Respektprogrammet vart starta i 2012.
Respekt blei utvikla av Senter for åtferdsforsking (SAF) som eit bidrag til EU-programmet Connect 001: "Tacling Violence in Schools". RESPEKT er et skuleomfattande program som rettar seg inn mot skulene på systemnivå i staden for på elevnivå. Programmet involverer alt skulepersonell, elevar og foreldre med sikte på å auke kvaliteten til skulen både på individnivå, klassenivå og skulenivå. Målet med RESPEKT er å redusere fleire typar åtferdsproblem i barne- og ungdomsskulen som mobbing, disiplinproblem og konsentrasjonsvanskar, samt skulk, rasisme, vold og gjengmentalitet.
Fokus for Klepp u sitt arbeid med programmet har vore:
- Korleis kommuniserer vi i det vaksne miljøet på skulen
- Korleis kommuniserer vi mellom vaksne og elevar
- Arbeid med gode relasjonar mellom vaksne og elevar både individuelt og i klasse/gruppe-situasjon.
- Tydelege grenser ift reglar, enkle reglar som alle skal følge opp