SEPTEMBER
"Venner er det viktigaste i livet til ein ungdom." Stemmer det?
Det har vore vanleg å snakke om at ungdomstida er ein fase der venner er dei viktige for kva val ungdom tek, ei tid der dei lausriv seg frå foreldra og lener seg til jamaldringane. Samtidig viser fleire undersøkingar at ungdomane nemner foreldra som dei viktige støttespelarane sine. Dei dei helst vil prate med om det som er vanskeleg. Dei som er viktigast for kva val dei tek. Det er ingen grunn til å abdisere heilt enda! Ungdomen din både treng deg og vil ha deg - sjølv om det ikkje alltid ser slik ut.
Men venner ER viktig for ein ungdom. Og vennskap kan kjennast svært sårbart i starten på 8. trinn. Mange bryt opp venneforhold som har vart i årevis no når dei havnar i nye klasser. Mange opplever at venner frå barneskulen ikkje lenger møter blikket deira når dei treffast i fellesareal på skolen. Det kan gjere veldig vondt, men kanskje er det ikkje vondt meint.
Desse første månadane på ny skule brukast gjerne til å prøve seg fram i nye potensielle vennskap. Då kan følelsar svinge veldig. Eit nyvunnet vennskap kan kjennast like intenst som ei forelsking. Og etter litt så finn ein kanskje ut at ein slett ikkje passar så godt saman likevel. Som foreldre kan det vere vanskeleg å henge med i svingane.
"Fortell meg om dei du har blitt kjent med da!" "Er det nokon i klassa di du har lyst å bli meir kjent med?" "Er du framleis saman med dei du brukte å vere saman med?" "Kven får deg til å le no for tida?"
Når ungdomen din deler sine erfaringar med deg, så prøv å lev deg inn i det som er deira oppleving no. Uttrykk forståelse for det som er vondt og vanskeleg, og vis glede over det som er bra. Det er dessverre ikkje mogleg å hoppe over det å vere ny ein stad. Kun ved å gå igjennom slike faser kan ein bli kjent, trygg og etablere gode vennskap. Det kan gjere vondt på vegen dit, og dette kan vi ikkje forhindre. Men ungdomen kan vite at dei slepp å vere i følelsen aleine! Foreldra mine forstår meg! Eller dei prøvar i allefall å forstå. Då kan dei prate om det som er vanskeleg ein anna gong også.
Sjå gjerne over innhaldet i timen dei skal ha om Venner - om det å høyre til. Dei skal blant anna lære om sin potensielle indre kritikar og korleis dei kan forsøke å snakke meir vennleg til seg sjølv. Dei skal også ha fokus på korleis dei kan etablere gode vennskap i klassa.
AUGUST
Dei første dagane på ungdomsskolen er det heilt naturleg å kjenne på uro og spenning, både for elevar og for foreldre. Korleis er klassa? Korleis er lærarane? Blir det lett å få nye venner? Kjem dette til å gå så bra som vi håper? Det å jobbe med å få elevane trygge, er difor det viktigaste alle vaksne rundt ungdomane kan bidra med desse første vekene. Først når ein er trygg har ein eit godt nok utgangspunkt for læring.
Der foreldre tidlegare har fått lov å bidra med støtte for tryggleik, vil ungdomane no ofte insistere på å skulle få til sjølv. Ikkje fordi dei ikkje hadde trengt støtte, men fordi det å vise seg saman med foreldre kan kjennast som ein risiko i seg sjølv. Dei vil ikkje skilje seg ut eller vise seg svake.
Det betyr likevel ikkje at vi ikkje kan støtte dei. Vis omsorg, vis at du forstår. Tilby hjelp, men aksepter om dei avslår. La dei ha på seg det om kjennast rett for dei, sjølv om det ser underleg eller upraktisk ut for deg. Kanskje vil dei gå rare omvegar for å kunne gå saman med viktige venner det siste stykket til skolen. Mange brukar mykje energi for å finne ut korleis dei skal framstå på ny skule, og korleis dei skal få etablert seg i nytt fellesskap. Det er heilt normalt - og det er ein fase som går over. Etter nokre veker "når det verste er gjort" kan de heller snakke saman og finne ut kva som er ein god måte å fungere på vidare.
Er du heldig kjem ungdomen til å sei noko heime om korleis det opplevast å vere på ny skole. "Korleis har du hatt det på skolen i dag?" vil ofte berre gi deg eit svar på maks eitt ord, men der finnast andre ting du kan prøve:
"Fortell meg om klassa di!"
"Kva var det skumlaste som skjedde i dag?"
"Kven har du lært namnet på i dag?"
"Kva for ein lærar likar du best til no?"
"Er det nokon du har ekstra lyst å bli kjent med?"
"Eg huskar når eg starta på ungdomsskolen - det var superskummelt, men det blei greitt ganske fort. Korleis er det for deg?"
"Kva har fått deg til å smile eller le i dag?"
Forsøk å tone deg inn på stemninga dei er i og kva dei formidlar i svara sine. Er der ein følelse du kan bekrefte? Bli med inn i følelsen - utan å ta den over, og sei til dømes "Det forstår eg godt! Slik trur eg dei fleste ville kjent det om det skjedde med dei!" Og suppler gjerne med: "Eg er stolt av deg!" "Dette trur eg du kjem til å klare fint!" "Sei frå om det er noko eg kan gjere for deg!".