Meny
Velg avdelinger Framside
Stasjonsvegen 26B 4352 Kleppe
Telefon: 51 42 97 00 Send e-post til oss
Redaktør: Kjetil Myklebust
Pålogging Visma FLYT skule
Pålogging Visma FLYT
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2018><<
juni 2018
mtotfls
28293031010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293001
02030405060708
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga
Foreldreundersøkinga
Foreldreundersøkinga
Knaben leirskule 8. trinn

Her kjem info om leirskuleopphaldet for dei som er på 8. trinn.

Vårsemesteret i 8. trinn skal alle klassene på leirskule på Knaben. Knaben ligg i Kvinesdal kommune i Vest-Agder, ligg høgt i fjellet med mykje snø (vanligvis). Knaben var eit aktivt gruvesamfunn, og har eit koseleg sentrum. No er det primært hyttegrend og leirskule.

Elevane skal vere mykje ute, gå på ski, lære historie, hjelpe til med praktisk arbeid, måle og registrere værdata. Det blir svært sosialt, mobil- og datafritt!

Med mindre annan beskjed, vert elevane henta med buss ved skulestart måndag morgon, og kjem tilbake til skulen fredag ved skuleslutt.

Hugs at elevane må ha gode kle! Ullundertøy er bra, samt vindtette ytterkle og skiutstyr. Sjå pakkliste i infoskriv til høgre. Om du ikkje har ski, kan dette lånast av Frivillegsentralen i Klepp. Knaben har og ein del ski til utlån. Målet er at alle skal på ski, uansett nivå.

Kven reiser når:

Veke 11: A og E

Veke 12: C og D

Veke 17: B