Meny
Velg avdelinger Framside
Stasjonsvegen 26B 4350 Kleppe
Telefon: 51 42 97 00 Send e-post til oss
Redaktør: Sigurd Ravndal
Visma FLYT skule
Pålogging Visma FLYT
Min Timeplan
Min Timeplan
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juli 2025><<
juli 2025
mtotfls
30010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293031010203
04050607080910
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga
Fritak for vurdering med karakter i ungdomsskulen og i vgs

For nokre av elevane med individuell opplæringsplan (IOP), kan det være mulig å søke fritak for vurdering med karakter. Her kan du lesa om rettar, konsekvensar og samanhengen med fritak i den vidaregåande skulen.

I ungdomsskulen:

Føresette kan søkje om fritak for vurdering med karakter dersom eleven har ein individuell opplæringsplan (IOP) i faget. Ein IOP bygger på ei sakkunnig vurdering frå Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Den sakkunnige vurderinga må opne for fritak for vurdering med karakter for at ein skal kunne søke om dette. Dersom den individuelle opplæringsplanen avviker mykje frå ordinær læreplan, kan det være naturlig med karakterfritak. I ungdomsskulen vil ikke fritak med vurdering i karakter trekke ned karaktergjennomsnittet som en konkurrerer med når en søker vgs. Dersom søkinga er større enn det det er plass til på det enkelte utdanningsprogram og den enkelte skule, vert det laga venteliste etter karaktergjennomsnittet. Dersom en har "ikkje vurdert" (IV), vil dette telle med og dra snittet nedover.

I vidaregåande skule (vgs):

Ein kan ha med seg fritak for vurdering med karakter frå ungdomsskulen til den vidaregåande skule, men kan som hovudregel ikkje få nye karakterfritak i vgs. Dette blir vurdert av den vidaregåande skulen, men mange som har nokre få karakterfritak i ungdomsskulen, har som oftast karakterar i alle fag på vgs. Nye fritak for vurdering med karakter det går ann å søkje om på vgs er i faga kroppsøving, sidemål og andre framandspråk. Det er ikkje sidemål og andre framandspråk i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Dersom ein har fritak for vurdering med karakter i den vidaregåande skulen, går ein som regel mot grunnkompetane. Ein får då ikkje vitnemål eller fagbrev. Det er likevel mogleg å oppnå fagbrev gjennom ordninga praksiskandidat. Står ein fem år i jobb, kan ein ta fagbrev utan bestått fellesfag. Les meir her om ordninga praksiskandidat.