Meny
Velg avdelinger Framside
Stasjonsvegen 26B 4350 Kleppe
Telefon: 51 42 97 00 Send e-post til oss
Redaktør: Sigurd Ravndal
Visma FLYT skule
Pålogging Visma FLYT
Min Timeplan
Min Timeplan
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga
Viktig informasjon om standpunkt, klagerett og fråvere

Klage på vurdering er regulert i kapittel 5 i forskrift til opplæringslova. 

Elevar og føresette kan klaga på standpunktkarakterane på avgangsfag.

På 8.trinn gjeld dette valfag, på 9.trinn valfag og mat & helse og på 10. trinn gjeld det alle faga siste skuleår. Musikk avsluttast til jul i 10.trinn.
I 10. trinn har ein og klagerett på eksamen. 

Klikk "Les meir" for informasjon om standpunkt og om føring av fråvere.

Klagerett på standpunktkarakter:

  • Elevar og/eller foreldre kan klaga.
  • Klagefristen tek til frå den tida ein kunne ha gjort seg kjend med karakteren, og er 10 dagar. (I musikk, 10. trinn, går desse dagane frå oppstart 2. januar.)
  • Klageinstans (Statsforvaltaren i Rogaland) vurderer om gjeldande føresegner om karakterfastsetjing er følgde.
  • Ved medhald i klagen gjennomfører rektor og faglæraren ei ny vurdering. Rektor set endeleg karakter. Avgjerda kan ikkje klagast på. (Gjeld ikkje orden/åtferd, der avgjer Statsforvaltaren). 

Om du ønskjer å klage:

  1. Rådfør deg med faglærar og få grunngiving for karakteren så sant det er mogleg, før du klagar på standpunkt.
  2. Klagen må vere skriftleg, og den må ha med privatadressa di. Klagen må vere signert.
  3. I klagen må det koma fram kva ein klagar på, og klagen bør innehalda informasjon og grunngjeving for klagen.
  4. Klagen skal leverast til rektor (skulen).
  5. Om du klagar, skal du vere merksam på at klagebehandlinga kan føre til at karakteren blir ståande, at karakteren blir sett opp, eller at karakteren blir sett ned. 

Her er to aktuelle lenker frå udir.no:
Korleis kan eleven og foreldra klage?
Standpunktvurdering

Eksamen

I 10. trinn har ein og klagerett på eksamen. Les meir om det her: udir/eksamen
Karakter på eksamen blir ikkje offentleg før ein av dei siste dagane før slutt. Ta kontakt med avdleingsleiar 10. trinn eller rektor om du ønksjer å klage på eksamenskarakter.

Fråvere:

  • Elevar kan krevja sletting av inntil 10 dagar fråvere kvart opplæringsår.
  • Her er lenke til Udir for kva som gjeld ved eventuell sletting av fråvere.
  • Viss ein ønskjer å krevja sletting av fråvere, send dette på mail til skulekonsulent (katrine.jensen@klepp.kommune.no). Frist er 14. juni.