Storsamling - nytt skuleår!
Torsdag var det første skuledag i skuleåret 2023-2024.
Publisert: 18.08.2023 10:22 Sist endra: 19.08.2023 08:51 Forfattar: Sigurd Ravndal
Spente elevar på alle trinn - spesielt dei nye i 8. klasse. Elevane blei møtt utanfor skulebygget frå kl 07:45 - og klokka 08:00 var elevane og lærarane i gong med første økt. Presentasjon, kva har skjedd, plass i klasserommet, litt reglar og sikkert mykje informasjon. Nye lærarar var og på plass i mange klasserom - spennande dag for desse og.
3. økt var det fellessamling i Krossen - aulaen vår. Sjekk ut bileta frå den kjekke samlinga.
NB! Legg og merke til bilete om arrangement i Kleppeloen med AXIS - gratis arrangement 1. september!