Meny
Velg avdelinger Framside
Stasjonsvegen 26B 4350 Kleppe
Telefon: 51 42 97 00 Send e-post til oss
Redaktør: Sigurd Ravndal
Visma FLYT skule
Pålogging Visma FLYT
Min Timeplan
Min Timeplan
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2025><<
mai 2025
mtotfls
28293001020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga
Nytt frå miljøteamet

Vi startar opp med økter med fokus på sosial kompetanse. Vi legg ut litt informasjon til de som føresette om kva temaet er kvar månad, slik at de har moglegheit til å ta opp same tema heime.

Vi har meir rasisme blant oss i Noreg enn mange av oss likar å tru. I etterkant av drapet på George Floyd i USA sommaren 2020, har det kome fram mange eksempel på ulike formar for rasisme også her i landet. Denne månaden er rasisme og mangfald tema i Livet&Sånn, og vi inviterer de heime til å vere med i arbeidet.
Korleis er dine haldningar til rasisme? Er du ein som aktivt seier frå når nokon brukar ord som skapar haldningar som gjer livet vanskeleg for dei som ikkje har kvit hud og norsklydande namn? Burde du gjere det? Korleis kan du gjere det? Kanskje kan de også ha ein prat rundt middagsbordet, om ord, haldningar og fordommar, om å vere ein alliert og ein anti-rasist.

Tips til videoar de kan sjå i lag:

Video 1

Video 2