Meny
Velg seksjon Framside
8.trinn
9. trinn
10. trinn
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Elevpermisjonar og fråvær

Fråvær på timar, 1 dag eller 2 dagar - då sender du melding via MinSkole app eller mail til kontaktlærar.

Fråvær på 3 dagar og opp til 10 dagar, då søkjer du via Visma til rektor. På framsida inne i Visma, under bilete av eleven, står det ein knapp med "Søknader".

Søknaden skal sendast inn til skulen så tidleg som mogleg. 

Under vedlegg finn du rutinar ved fråvær, og søknadskjema ved eventuell utskriving (det er ved lengre fråvere enn 10 dagar)

 

Skulen skal føra fråvær på alle trinn og når elevane får vitnemålet sitt i 10. klasse, vert heile fråværet for ungdomsskulen ført her. 

Elevar kan kreva at fråvær inntil 10 dagar i løpet av eit skuleår blir trekt frå på vitnemålet (forskrift til opplæringslova kap 3 § 3-38)

Dette gjeld:

- lengre fråvær som er skulda helsegrunnar, der det blir framlagt legeattest. Fråværet frå og med 4. dagen kan trekkjast frå.

- fråvær der eleven av ulike grunnar har fått innvilga permisjon frå skulen (Opplæringslova §2-11)

For skuleåra 2020-2021 og 2021-2022 blei det ikkje ført sjukefråvær grunna korona. Dette gjaldt alle elevar.

Ta kontakt med rektor dersom det er aktuelt å søkja om fråtrekk.