Meny
Velg seksjon 10. trinn
8.trinn
9. trinn
10. trinn
Prosess på Lye ungdomsskule for endring av kommunal og lokal forskrift mobilfri skule.

Alle elevar har rett til eit trygt og god skulemiljø som fremmer helse, trivsel og læring.
Me vil at alle våre elevar skal oppleva ein inkluderande, trygg og god skulekvardag. 

No er mørketida her. Då er det ekstra viktig med refleksvest, refleksar og lys på syklane.  Bruk refleksvest sjølv om du går på gangsti.

Skulen har plikt til å følgje med på at elevane har eit trygt og godt skulemiljø og at elevane trivst på skulen, jf. Kapittel 9A i opplæringslova. 

"Visma Min Skole-appen er en tjeneste for skole-hjem-dialog". For å kunne bruke appen må du ha smarttelefon (eller nettbrett) med minimum iOS 11.0 (Apple) eller Android 6.0 Marshmallow. 

Ny oppdatering i "Min skole-app" er val om gruppemelding.


Ta imot tilbudt skuleplass
I første veka av juli får elevane ei tekstmelding om å logge inn på Vigo.no og ta imot tildelt plass. Svar ja. Dersom du ikkje får tilbod om førsteønske, kan du samtidig setje deg på venteliste for høgare ønske. I slutten av juli kjem andreopptaket. Då må alle som er på venteliste svare på nytt. For å behalde skuleplassen må du møte første skuledag.

Lånekassen
Etter at du har skuleplass, kan du søke Lånekassen om utstyrstipend. Det er gratis penger og alle som søker får. I tillegg er det behovsprøvde stipend enkelte kan søke på.

PC
På vgs må du bruke pc. Du kan kjøpe gjennom fylkeskommunen og då får du fleire tusen kroner i støtte. Bestill før sommarferien, så er den klar når skulen starter. Bestillinga åpnar i juni. Du kan òg bruke ein pc du har frå før.

PC-kurs
Bryne vgs arrangerer kurs i data og studieteknikk 9. og 10. august. Installering og bruk av program i tillegg til studieteknikk. Sjå vedlegg under "Diverse dokument" på 10.trinn-sida for meir info. Påmelding innan 31. juli her.

Flying start
To dagar på vgs i forkant av skulestart, der ein blir kjend med vgs og får eit forsprang før skulen begynner. Snakk med eller send mail til rådgjevar rita.rosseland.johansen@time.kommune.no om du er interessert. 
Les meir om kven som tilbyr Flying start i vedlegg under diverse dokument.