Meny
Velg seksjon Framside
8.trinn
9. trinn
10. trinn
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Spesiell studiekompetanse

Nokre universitetsstudie krev at du har teke ekstra realfag (matte og naturfag) på vidaregåande. 

Dersom ein går eitt av dei fem studieførebuande utdanningsprogramma (idrettsfag, musikk-dans-drama, kunst, design og arkitektur, medium og kommunikasjon eller studiespesialisering), vil ein få generell studiekompetanse. Då kan ein konkurrera seg inn med karakterane sine frå vgs på dei fleste studier.

Du kan òg få generell studiekompetanse ved å ta påbygg etter to år på yrkesfag eller etter at du har tatt fagbrev.

Nokre studier krev at ein har spesiell studiekompetanse. Dette gjeld f.eks. ingenør, økonom, lege og dyrlege. Spesiell studiekompetanse er mykje forskjellig alt etter kva studie det er snakk om, men i mange tilfeller handlar det om at ein må ha ekstra matematikk og eit eller fleire naturfag (f.eks. fysikk, kjemi, biologi). Dette får ein enklast og sikrast ved å gå på utdanningsprogrammet studiespesialisering, der du i løpet av 2. og 3. klasse til saman skal velje seks eller sju programfag sjølv.Ein kan få inntil fire tilleggspoeng ved å ta ekstra realfag. Du kan likevel få nok matte og naturfag på andre utdanningsprogam òg.

Naturbruk med dyrekunnskap på Øksnevad vgs, Idrett og Media på Bryne vgs og Musikk, dans, drama og Kunst, design og arkitektur på Vågen vgs tilbyr alle ein del realfag. Sjå meir om dette i vedlegga til høgre.Kva det enkelte høgskule- og universitetsstudie krev av fag frå vidaregåande skule kan finne ut i studieoversikten på Samordnaopptak.no eller på utdanning.no.