Hei!
Eg heiter André Skjærpe og er sosiallærar her på skulen.
Du kan komme til meg å snakke om
ting du kanskje ikkje har lyst til å fortelle til foreldre, klasselærar eller
andre vaksne.
Det kan vere at du føler deg
usikker, har vanskelege tankar, har konfliktar på skulen, heime eller i forhold
til andre elevar, mobbing eller andre ting du lurer på. Ingenting er for
dumt å spørre om eller å ta opp. Ta kontakt med læraren din eller på kontoret om du vil snakke med meg.
André