Fredag 11.september tok 3. og 4.klasse turen til Vitenfabrikken i Sandnes. Fyrst var me på fysikkshow. To ivrige damer viste korleis ein kunne lage sky i ei plastflaske, og at det hadde med høgtrykk og lavtrykk å gjere. Dei viste og fleire andre kule eksperiment med blant anna vakum, rakettar og kanonar. Dei fekk til og med blått vatn til å suge seg opp i ei flaske som vart haldt opp ned.