I veke 38 har me hatt ekstra fokus på vennskap på Oltedal skole.
1.-4. klasse var onsdag på tur til Osen. Der blei alle fordelt på fire aldersblanda grupper. Gruppene fekk rullere mellom fire stasjonar: insektsjakt, fjord og strand, naturbingo og oppdragskort. I tillegg blei det tid til frileik. Me var heldige med været og kosa oss i Osen.
Fredag var 1.-4.klasse på ny ute på aktivitetar i skulegarden. Me hadde kledd oss godt, for det var meldt mykje regn. Men "værgudane" såg nok kor mange kjekke unger som kom ut, så me fekk ikkje ein einaste dråpe på oss.