Meny
Velg seksjon Framside
Ølvesvegen 461 5637 Ølve
Telefon: 53487801 Send e-post til oss
Redaktør: Hildegunn Håbrekke
Lenkjer til omtale av skulen
Radio Folgefonn
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Skuledagen

Skulen er open frå kl. 08.00 – 14.30 kvar dag. Den tek til klokka 08.15, og sluttar 14.15. Borna har fast kjernetid frå kl. 08.15 – 11.00 og 12.30-14.15. Begge gruppene har fast uteskule ein halv dag i veka. 

Innanfor kjernetida vil me halda felles eller individuelle presentasjonar både innan dei prosjekta det vert arbeidd med og med ulike typar montessorimateriell. Det vert gitt presentasjonar og arbeidd med alle fag. Faga er integrert i den individuelle arbeidsplanen. Det er berre fag som kroppsøving, symjeopplæring og mat og helse som er utanfor kjernetida. 

Me et lunsj frå kl. 11.00 til kl. 11.30. Måltidet skal vera ei hyggjeleg fellesstund. Borna har som del av sine arbeidsoppgåver å gjera klar til smørjelunsj dagleg. Dei lagar ein buffèt med pålegg og brød, korn og nøtter. Nokre gongar har me varmlunsj. Etter lunsj har alle ein klokketime med fri leik ute. Det er viktig at borna alltid er kledd for uteaktivitetar, uansett vær. Me er lenge ute, og det kan vera både surt, kaldt og vått, men veldig kjekt!.Når me er godt kledd er det fint å ha god tid til å leika ute.  

Skulen har eit unikt uteområde. Her har me nærleiken til naturen, gode område for ballspel og fleire leikeapparat. Me har òg både drivhus, høner og grillhytte på området. Aktivitetar knytt til drivhus og stell av høner er ein del av vår pedagogiske plan, og ein viktig del av heilskapstanken.