Meny
Velg seksjon Framside
Ølvesvegen 461 5637 Ølve
Telefon: 53487801 Send e-post til oss
Redaktør: Hildegunn Håbrekke
Lenkjer til omtale av skulen
Radio Folgefonn
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Mat på skulen

Smørjelunsj kostar 1500, og vert betalt to gongar i året; ved skulestart og etter jul. Dersom ein ikkje vil vera med på lunsjordninga må ein gje beskjed til skulen.

Inkludert i prisen er lunsj, ei frukt og mjølk kvar dag. Frukta står på eit eige bord i klasserommet, og borna kan ta fruktpause to gongar dagleg. Her står det òg alltid frisk vatn som borna forsyner seg med når dei treng drikke. Mellom kl. 11 og 11.30 har me smørjelunsj på det flotte kjøkenet vårt. Borna er sjølve med, og finn fram pålegg, kuttar grønsaker, legg fram brød og konblandingar. Dei set fram tallerkenar og glas, og mjølka vert sett på borda. Borna stiller seg i kø, forsyner seg med maten dei vil ha, og set seg på faste plassar ved tre langbord. Dette er i triveleg stund der me kosar oss saman, samstundes som borna lærer å vera sjølvstendige. Av og til kjem foreldre eller andre for å laga varmlunsj til oss, og dette vert sett ekstra stor pris på.

Born med allergiar får sjølvsagt tilpassa mat og drikke på skulen.