Meny
Velg seksjon Framside
Ølvesvegen 461 5637 Ølve
Telefon: 53487801 Send e-post til oss
Redaktør: Hildegunn Håbrekke
Lenkjer til omtale av skulen
Radio Folgefonn
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Gå til Its Learning
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<september 2020><<
september 2020
mtotfls
31010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293001020304
05060708091011
Visjon

Ølve Montessoriskule er ein privatskule med ein tydeleg profil. Me driv etter Maria Montessori sine prinsipp om individuell oppfølging av kvart enkelt barn, respekt, tillit og fridom innanfor faste rammer. Me ynskjer å byggja på den ibuande lærelysta ein finn hjå alle born, og stimulera til læring og personleg utvikling.

Montessoripedagogikken sitt mål er å utvikla glede ved å læra, byggja opp sjølvstende og kreativitet, og på skulen vår er me opptekne av at eleven skal få utvikla sin indre motivasjon. Lange arbeidsøkter, aldersblanda grupper, og god tilgong på materiell og fagbøker gjer borna god mogelegheit til å fordjupa seg i spanande tema.

Maria Montessori meinte at fred i verda startar med borna. Ølve Montessoriskule samarbeidar med skular andre stader, og borna både reiser til og får besøk frå andre land. Ved å få forståing for andre kulturar og religionar, vil borna utvikla respekt og toleranse for menneske, dyr og miljø. Me er ein nærmiljøskule, og nyttar oss av dei ressursane som fins i nærleiken, både enkeltpersonar, bedrifter og friluftsområda som er her.  Skulen vår skal vera ein trygg stad å vera for alle born.