Meny
Velg seksjon Framside
Ølvesvegen 461 5637 Ølve
Telefon: 53487801 Send e-post til oss
Redaktør: Hildegunn Håbrekke
Lenkjer til omtale av skulen
Radio Folgefonn
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Søk skuleplass

Ynskjer du at barnet ditt skal gå på ein heildagsskule utan lekser? Vil du at barnet sin motivasjon skal vera i sentrum for læring? Vil du sleppa å smørja nistemat? Alt dette får du på Ølve Montessoriskule. Me er ein nærmiljøskule, men òg ein skule for dei som ynskjer noko litt anna for barnet sitt. Det kostar ingenting å vera elev hjå oss. Søk skuleplass før fristen, 15. februar!
Ølve Montessoriskule er snart 11 år, og ein godt etablert skule. Me har trygge vaksne, ein fin bygning, og eit stort utval inspirerande og lærerike materiell. Her nyttar me ikkje tradisjonelle lærebøker, men søkjer fakta i faktatekstar både på bibliotek og på internett. Hos oss lærer barnet å læra og å søkja kunnskap sjølv. Me avbryt ikkje barnet som er i djup konsentrasjon, men lar det arbeida i lange økter med god mogelegheit for fordjuping. I det lange friminuttet midt på dagen, kan elevane boltra seg på eit stort uteområde. Me reiser på utstillingar og opplevingar andre stader enn nærområdet. På Ølve Montessoriskule får barna arbeida i sitt tempo og etter sine interesser. Dyktige og godt utdanna lærarar og assistentar, som brenn for montessoripedagikken, har god tid til kvart barn. Me har plass til fleire elevar på skulen, og ynskjer at fleire får oppleva denne måten å læra på. Det kostar ingenting å vera elev hjå oss, men dersom ein ynskjer lunsj på skulen, kostar dette 1500 kr per halvår. Velkomen som søkjar!