Kapittel 9a.
Elevane sitt skolemiljø
Kapitlet føyd til med lov 20 des
2002 nr. 112 (i kraft 1 april 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735).
§ 9a-1.
Generelle krav
Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk
og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.
Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (i kraft 1 april 2003, etter res.
20 des 2002 nr. 1735).
§ 9a-2. Det fysiske miljøet
Skolane skal planleggjast, byggjast, tilretteleggjast og drivast slik at det
blir teke omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane.
Det fysiske miljøet i skolen skal vere i samsvar med dei faglege normene som
fagmyndigheitene til kvar tid anbefaler. Dersom enkelte miljøtilhøve avvik frå
desse normene, må skolen kunne dokumentere at miljøet likevel har
tilfredsstillande verknad for helsa, trivselen og læringa til elevane.
Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira. Skolen
skal innreiast slik at det blir teke omsyn til dei elevane ved skolen som har
funksjonshemmingar.
Dersom ein elev eller forelder, eller eit av råda eller utvala ved skolen der
desse er representerte, ber om tiltak for å rette på fysiske miljøtilhøve, skal
skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i
forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka,
vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det
var gjort enkeltvedtak.
Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (i kraft 1 april 2003, etter res.
20 des 2002 nr. 1735).
§ 9a-3.
Det psykososiale miljøet
Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt
miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør.
Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein
elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing,
diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og
varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte
inn.
Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale
miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering,
vald eller rasisme, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om
enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke
stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i
forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak.
Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (i kraft 1 april 2003, etter res.
20 des 2002 nr. 1735).
§ 9a-4. Systematisk arbeid for å fremje
helsa, miljøet og tryggleiken til elevane (internkontroll)
Skolen skal aktivt drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremje
helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i eller i medhald av
dette kapitlet blir oppfylte. Skoleleiinga har ansvaret for den daglege
gjennomføringa av dette. Arbeidet skal gjelde det fysiske så vel som det
psykososiale miljøet.
Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (i kraft 1 april 2003, etter res.
20 des 2002 nr. 1735).
§ 9a-5.
Elevdeltaking i skolemiljøarbeidet
Elevane skal engasjerast i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske
arbeidet for helse, miljø og tryggleik ved skolen. Skolen skal leggje oppgåver
til rette for elevane etter kva som er naturleg for dei enkelte årstrinna.
Elevrådet kan nemne opp skolemiljørepresentantar til å vareta elevane sine
interesser overfor skolen og myndigheitene i saker som har med skolemiljøet å
gjere. Skolemiljørepresentantane deltek i planlegginga og gjennomføringa av det
systematiske helse-, miljø- og tryggingsarbeidet ved skolen i den grad det
vedkjem skolemiljøet for elevane.
Elevane kan møte med inntil to skolemiljørepresentantar i arbeidsmiljøutvalet
eller anna samarbeidsorgan der eit slikt er oppretta ved skolen i samsvar med
arbeidsmiljøloven kapittel 7, når dette behandlar spørsmål som vedkjem
skolemiljøet for elevane. Skolemiljørepresentantane har da talerett og rett til
å få meininga si protokollert. Skolemiljørepresentantane skal ikkje vere til
stades når utvalet behandlar saker som er omfatta av teieplikt etter lover
eller forskrifter.
Skolemiljørepresentantane har rett til den informasjon som trengst for oppdraget,
så langt informasjonen ikkje er omfatta av teieplikt etter lover eller
forskrifter.
Skolemiljørepresentantane har rett til den opplæring og det fritak frå
undervisningstimar som trengst for å skjøtte oppgåvene.
Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (i kraft 1 april 2003, etter res.
20 des 2002 nr. 1735), endra med lover 17 juni 2005 nr. 105 (i kraft 17 juni
2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660), 17 juni 2005 nr. 62 (i kraft 1 jan
2006, etter res. 17 juni 2005 nr. 609).
§ 9a-6.
Informasjonsplikt og uttalerett
Samarbeidsutvalet, skoleutvalet, skolemiljøutvalet og dessutan elevrådet og
foreldrerådet skal haldast løpande underretta om alle tilhøve – deriblant
hendingar, planar og vedtak – som har vesentleg betydning for skolemiljøet. Råda
og utvala har på førespurnad rett til å få framlagt dokumentasjon for det
systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet ved skolen.
Råda og utvala som er nemnde i første ledd, skal så tidleg som mogleg takast
med i planlegginga og gjennomføringa av miljøtiltak ved den enkelte skolen, og
har rett til å uttale seg og komme med framlegg i alle saker som har betydning
for skolemiljøet.
Dersom skolen blir klar over tilhøve ved skolemiljøet som kan ha negativ
verknad for helsa til elevane, skal elevane og dei føresette snarast mogleg
varslast om det.
Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (i kraft 1 april 2003, etter res.
20 des 2002 nr. 1735), endra med lov 17 juni 2005 nr. 105 (i kraft 17 juni
2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660).
§ 9a-7.
Straff
Med bøter eller fengsel i inntil 3 månader eller begge delar blir den straffa
som forsettleg eller aktlaust bryt krava i dette kapitlet eller i forskrifter
gitt i medhald av det.
Medverknad blir straffa på same måten.
Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (i kraft 1 april 2003, etter res.
20 des 2002 nr. 1735). Vert endra med lov 20 mai 2005 nr. 28 (i kraft frå den
tid som vert fastsett ved lov) som endra med lov 19 juni 2009 nr. 74.
§ 9a-8.
Skolefritidsordninga
Føresegnene i dette kapitlet gjeld også for skolefritidsordning oppretta etter
lova her.
Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (i kraft 1 april 2003, etter res.
20 des 2002 nr. 1735).
§ 9a-9. Forskrifter
Departementet kan gi nærmare forskrifter om skolemiljøet til elevane.
Føyd til med lov 20 des 2002 nr.
112 (i kraft 1 april 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735).