Jannike Sætre er ny helsesjukepleiar på Sagstad skule. Ho har no vore her i ei veke og prøver å få helst på dei ulike klassane innimellom alle desemberekstrating som skjer. Helsesjukepleiar har kontor på plan 2 - opp hovudtrappa og inn i gongen til høgre og så den rosa døra til venstre. Ho vil vere her kvar dag utanom tysdag, der ho då tar imot 1. klassingane på helsestasjonen. Elevar og føresette kan sjølv kontakte helsesjukepleiar direkte på skulen om ein ønskjer å ta opp noko. Ho kan og nås på e-post eller telefon.
E-post: jannike.setre@alver.kommune.no
Tlf: 409 07 645 (mellom 8:00 og 15:00).
Alle
skulane i Alver kommune har ein fast helsesjukepleiar. Oppgåvene til helsesjukepleiar er å følgje
opp eleven si psykososiale helse, i tillegg til å jobbe helsefremjande og
sjukdomsførebyggjande. I tillegg skal helsesjukepleiar vere ein ressursperson/rettleiar for føresette og dei tilsette i arbeidet
med elevane. Helsesjukepleiar kallar inn enkeltelevar etter behov, tidlegare
funn eller avtalar. Føresette blir i utgangspunktet informert om dette på
førehand.
I skulehelsetenesta ynskjer ein å ta tak i problema i
ein tidleg fase, då dei gjerne er lettare å løyse då. For å få til dette, er ein avhengig av eit godt samarbeid med føresette og med skulen. Helsesjukepleiar
har og eit nært samarbeid med anna fagpersonell innan helsesektoren. Ved å ta
kontakt med helsesjukepleiar kan ein såleis få hjelp og rettleiing på ein
effektiv og rask måte. Helsesjukepleiar har teieplikt. Informasjon blir ikkje formidla vidare til andre instanser utan at føresette har godkjend
det.
I løpet av året
vert det undervisning på ulike trinn. Grunna fagdagar, vaksinering og samtalar
med alle førsteklassingane på Sagstad, vert det nokre dagar helsesjukepleiar ikkje er tilstades på
skulen.
Det er fint om føresette har låg terskel for å ta kontakt.