Meny
Vel side Framside
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Elisabeth Eikrem Åmdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Pålogging heimesida
Pålogging heimesida - ansatte
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juli 2019><<
juli 2019
mtotfls
24252627282930
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29303101020304
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Her finn ein ei oppdatert oversikt over kontaktlærarar.

Administrasjon og tilsette på Sagstad skule ynskjer alle elevar og føresette ein riktig god sommarferie.

Det ligg mange kakefat og liknande igjen etter open dag! Fint om de tek turen opp og hentar det du måtte sakne før ferien. Etter siste skuledag, vil det som ligg igjen bli levert på gjenbruken.

Tusen takk for eit flott skuleår! Ønskjer alle ein fantastisk sommar heime eller på tur. Håpar de får nyte ein varm og fin sommar, men tid til leik, moro og kvile.

Første skuledag blir 15.august. Dei som går på SFO før skulestart, må hugse på at SFO er stengd 13. og 14.august.

Velkommen tilbake i august etter ein god ferie!


VELKOMEN til open dag og opning av det nye, flotte uteområdet vårt!
Torsdag 6.juni kl 17:00-19:30 er alle som vil velkomen til å delta på open dag.
Det vert kafe med salg av søt/salt bakst, og mykje kjekt å sjå på og vere med på.
Det er obligatorisk oppmøte for elevane.
Inviter med deg foreldre, søsken, besteforeldre, tanter og onklar og opplev ein koseleg ettermiddag på Sagstad skule.
Du finn heile invitasjonen under info frå skulen som eige dokument.


Vi har funnet eit par dame-bunadsko i str 40/41. Dei kan du få att om du henvender deg på kontoret på Sagstad skule.

Programmet for 17. mai finn de under dirverse dokument til høgre på sida her.

Minner om at oppmøte til toget er kl 09:30 utanfor Meland Aktiv. Håper alle stiller klar med flagg, heiarop og song!


Politiet i Nordhordland skal i løpet av våren besøke alle ungdomskulane i regionen for å snakke om deling av bilete og bruk av sosiale media.
Sjølve konseptet heiter «Delbart?» og er utvikla av KRIPOS. "Delbart?"er utvikla fordi dagens ungdom «lever på mobilen» og bruker appar som legg til rette for bilete, video og deling.
Dessverre fører denne delingskulturen også til at unge tar – og spreier – seksualiserte bilete og videoar av seg sjølv og av andre.
Det er viktig at også dei heime har kunnskap om temaet, og vi inviterer difor føresette til ungdomsskuleelevane og 7. trinn til temakveld.

Foreldre møtast kl. 18.00 i gymsalen på Grasdal skule måndag 29.april.
Vi oppmodar om samkøyring slik at det blir plass til parkering. Alle heimar bør prioritere at minst ein vaksen deltek på dette møtet.  

Politiet gjennomfører undervisningsopplegget på alle trinna på ungdomsskulen i skuletida same dag som det skal vere foreldremøte.
Målet er å bidra til auka bevisstgjering og kunnskap om temaet, slik at ungdommane betre blir i stand til å ta gode val og handtere situasjonar som oppstår.  

Med venleg helsing

Rektorane i Meland kommune

Politiet i Nordhordland

 

Innkallinga er også gått ut som ranselpost til elevane.

 


Vinterskyssen for elevar som bor i Dalemarka er no slutt. Skysskorta er sperra og elevane kan no få bot ved eventuell kontroll på bussen om dei bruker korta. Fint om korta blir levert inn. Elevane kan kjøpe skysskort hos Skyss.no om dei vil fortsette å ta skulebussen.

To helsesjukepleiarar vil ha kurs for føresette med born i alderen 0-12 år. Kurset har fokus på å styrkje føresette sin kompetanse i møte med eigne born. Det er sett av 8 kurskveldar, og du må melde deg på.
Du kan lese meir om det under dokumenter til høgre på sida her. 

Velkommen til nyttårsdisco, fredag 25.januar 2019.
Arrangør: FAU Sagstad skule. 

1.-4.klasse frå kl 17:30-19:30

5.-7.klasse frå kl 20:00- 22:00

Les meir i dokumentet som er lagt ved under info frå skulen.


No vert meir og meir post frå kommunen og dermed også skulen sendt ut til dykkar digitale postkasse.

For meir informasjon, sjå http://www.meland.kommune.no/digital-postkasse.392836.nn.html