Meny
Vel side Framside
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Magne Lædre
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Pålogging heimesida
Pålogging heimesida - ansatte
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Historie

Sagstad skule har ei lang historikk. Den kan du lese meir om her.

I 1961 vart det bygd ny skule i Sagstad skulekrins. Skulen hadde då 5 klasserom og eit rom som vart brukt av Meland Bibliotek.Det var ingen gymsal, men dusj og garderobar. Difor var det mykje utegym!

Dei første åra var det elevar i 1.-7.klasse og det som heitte framhaldsskule. I 1970 var andre byggjesteget ferdig, og då fekk skulen symjehall og gymnastikksal med scene. Symjehallen vert no brukt som lager.

Elevtalet auka sterkt i 1970 åra, og i 1978  fekk ein eit tredje byggjesteg, og skulen kunne ta imot to parallellar. I tillegg fekk ein formingsavdeling slik at elevane ikkje måtte gå til ”gamleskulen” for å ha sløyd.

Byggjesteg fire stod ferdig i 1996 med eit ekstra tilbygg til seksåringane som skulle byrje på skulen. Desse klasseromma vert og brukt av SFO.

I 2009 stod byggjesteg 5 ferdig med nye flotte klasserom.

Til skulestart 2010 vart Flatøy skule nedlagt. Elevane frå Flatøy byrja då på Sagstad skule. Skuleåret 2013/2014 er det 338 elevar på Sagstad skule.

 

Kjelder: Artikkel av Øystein Valde.”Eit oversyn over utviklinga av skulen i Meland 1860-1989” Utarbeidd i samband med 250-års jubileet for norsk skule.
Informasjon frå Arnt Brakstad.