Meny
Velg seksjon Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Nesjavegen 17 5650 Tysse
Telefon: 56589980 Send e-post til oss
Redaktør: Hege Byrkjeland
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2026><<
mai 2026
mtotfls
27282930010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
mai
15
2026
Utviklingsdag for tilsette. Elevfri
Heile dagen
Dronning Sonjas skulepris 2025

Flinke elevar laga flott feiring i gymsalen.
Dronning Sonjas skulepris blir delt ut annakvart år til skular som utmerker seg i arbeidet med å fremja inkludering og likeverd i skulemiljøet.
Hennar Majestet Dronning Sonja tok sjølv initiativ til prisen i 2005.
Det er statsforvaltarane som nominerer skular til prisen. Vinnarskulen får 250 000 kroner og eit kunstverk utforma av Dronninga.
Av 2663 grunnskular i Noreg var Samnanger barneskule éin av 17 nominerte til den gjeve prisen. Denne gongen vart prisen tildelt Skaun ungdomsskole i Trøndelag.
Samnanger barneskule blei nominert fordi skulen utmerka seg i arbeidet med å fremja inkludering, likeverd og eit trygt og godt skulemiljø for alle elevar.
Anne Boge frå Statsforvaltaren i Vestland, ordførar Karl Kollbotn, kommunalsjef for oppvekst Irene Ullensvang, FAU-leiar Anders Aadland Fossmark, rektor Eli Kristin Berge og alle elevane og tilsette på skulen var samla i gymsalen til feiring.
Flott program der elevar frå ulike trinn framførte dans, song, musikk, diktlesing og rollespel.
Main Image
Bilete 1 av 1