Frå april 2023 blei Vigilo teken i bruk for kommunikasjon mellom heim og skule på alle ungdomsskular i Stavanger kommune. Foreldre med barn på ungdomsskular kan no kommunisera med skulen gjennom Vigilo foreldreportal i nettlesar, eller Vigilo app til smarttelefon og nettbrett.
Tidlegare har kommunikasjon gått i ulike kanalar, blant anna ranselpost, e-post og SMS. Når me no har gått over til Vigilo sin kommunikasjonsmodul, betyr det ein tryggare og meir effektiv måte å kommunisera på, for både foreldre og tilsette ved skulen.
Kva bruker me Vigilo til?
Vigilo blir brukt til å dela praktisk informasjon mellom deg og skulen. Du skal bruka Vigilo for å senda meldingar til skulen, melda fråvær og for å få tilgang til innhald publisert av skulen. Skulen vil tilsvarande senda meldingar og publisera informasjon til deg i Vigilo.
Sensitiv informasjon skal ikkje delast med skulen via Vigilo. Døme på dette er opplysningar om helse, religion, mobbesaker og personleg økonomi. For slike førespurnader kan du senda ei melding i Vigilo for å avtala eit møte, eller ringe skulen.
For meir informasjon om korleis kommunen behandlar personopplysningar og rettane dine, sjå Stavanger kommunes nettside.
Korleis komma i gang?
Du kan logga inn i Vigilo foreldreportal i nettlesar på PC, Chromebook eller nettbrett. Du kan også lasta ned Vigilo sin app til smarttelefon eller nettbrett gratis frå Apptore eller Google Play.
I Vigilo app får du tilgang til å sjå nyheiter, senda meldingar og melda fråvær. Dersom du har fleire barn i skulen, vel du barn øvst i biletet.
I foreldreportalen i nettlesar får du i tillegg tilgang til fråværsoversikt, påmeldingar, søknader, innsyn i timeplanen til barnet, registreringar i orden og åtferd, og karakterar. Foreldre kan sjå eige profilkort ved å klikka på namnet sitt øvst i høgre hjørne.
Kven har tilgang?
Foreldre med foreldrerett i Folkeregisteret kan sjå eigne barn i Vigilo. Fosterforeldre blir også gitt tilgang. Du kan kontrollera og endra opplysningane dine i folkeregisteret her:
https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister/endre/
Foreldres mobilnummer og e-post blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR). Verken skulen eller kommunen sentralt kan endra desse opplysningane for deg. Du må derfor sjølv kontrollera og endra opplysningane dine her:
https://www.norge.no/nb/digital-borgar/oppdater-kontaktinformasjon
Treng du hjelp?
Ta kontakt med skulen om du har spørsmål eller tilbakemeldingar om Vigilo.
Sjå også Vigilo hjelpesenter: https://vigilo.no/hjelpesenter/