Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
INFORMASJON OM VAL AV MÅLFORM I OPPLÆRINGA PÅ 8.- 10. TRINN

Ny opplæringslov vart vedteken 09.06.23 og skal tre i kraft med verknad frå 01.08.24. Ei av lovendringane er at elevane på 8.- 10. trinn sjølve kan velja kva målform dei vil ha som hovudmål.  

Hovudmålforma i Time kommune er nynorsk. Dette medfører at elevar som hausten 2024 skal byrja på ungdomstrinnet, må velja om dei heller ønsker bokmål som hovudmål. Dersom det er 10 eller fleire elevar på eitt trinn på ein ungdomsskule som vel bokmål, har dei rett til å gå i eiga gruppe. Dersom det er færre enn 10 elevar, men det er 10 eller fleire elevar på tvers av ungdomsskulane som vel dette, kan kommunen vedta kva skule som skal oppretta bokmålsgruppe. Dette kan medføra at elevar som ønsker bokmål, må gå på ein annan skule enn nærskulen.

I Time kommune kan elevar som skal starta på 8. trinn velja ein annan skule enn nærskulen. Som del av fordeling av ressursar til skulane, er det behov for å få ei oversikt over elevtal og kva målform elevane vel på den enkelte ungdomsskulen. Frist for å velja anna skule enn nærskulen er 01.12.23. Frist for å velja målform er 15.12.23. 

Ved hjelp av føresette vel elevar som skal starta på 8. trinn kva målform dei ønsker som hovudmål på ungdomstrinnet, ved å nytta eige tilsendt skjema. 

Lenke til ny opplæringslov