Psykisk
helsedag
På fredag er det “Verdsdagen for psykisk helse”, og
me skal ha ei felles markering for heile skulen. Temaet dette året er: #
Lagplass. I 4.-6. time vil elevane få ein konsert, ein aktivitet og eit føredrag.
I tillegg vil det vera små drypp med temaet i løpet av veka i klassane. Helsesjukepleiar vil mellom anna komma innom alle
klassane i løpet av veke 40
4. time: valfri aktivitet; klatring, Jiujitsulab,
vera kreativ, yoga, aktivitet i gymsalen eller hip hop.
5. time:
eit valfritt føredrag
- “Oppmerksamt nærvær”, Familiesenteret
- “Kropp og helse”, Vibeke Liltand ROS (rådgjevning
for spiseforstyrringar)
- “Sosiale medie”, Gustav Grastveit (Politiet)
- “Er det fagleg å rusa seg?”, Ungdomsteamet
- “Sunn fornuft”, Erling Knutzen
6. time:
konsert i Møllekjellaren Silje Sandanger
Bål
i lunsjen
Det
vil bli tent bål i atriet kl.10.50 – 11.20 kvar dag i veke 40. Dei som vil kan
ha med mat til å steike på bålet, og/eller bære møte til drøs rundt bålet.
Elev- og
utviklinssamtalane
I veke 42- 44 skal lærarane gjennomføra
elevsamtalane. Etter dette vil det vera utviklingssamtalar i veke 45-47
Haustferie
I veke 41 er det haustferie! Me ønskjer alle ei
herleg veke fri!
Elevbedrift
Elevane er godt i gang med elevbedrift, og skal innan veke 40 ha vorte fordelte
på ulike bedrifter. I veke 42 og 43 vil dei starta med å førebu produksjon og marknadsføring.
Helsing oss på 9.trinn